Nynorsk som verkemiddel for å fange lesaren

Mange legg mykje arbeid og pengar i utforming av annonsane for å inspirere folk til å kjøpe. Ein spelar bevisst på å vekkje kjensler og behov hos kunden og få han interessert. Det gjeld verkemiddel som overskrifter, layout, fargar, illustrasjonar osv. Færre tenkjer over at også språket er eit sentralt verkemiddel, som gir mykje meir enn berre informasjon. Eit godt språk som går inn hos lesaren, er ein svært viktig del av annonsen.  

Dessutan - alle som jobbar med marknadsføring veit at det er viktig å skilje seg ut i flaumen av tilbod. I den sterkt bokmålsdominerte annonseverda sklir tekst på bokmål ofte lett igjennom hos lesaren og lite sit att. Ein tekst på nynorsk er meir uvanleg, gir meir motstand og folk stoppar opp. Slik blir nynorsken eit verkemiddel for å få folk i tale.