Du er her: Heim > Info > Stilmal

Stilmal

Nynodata har utvikla eit system med stilmalar, som fangar opp stilforskjellar i språket. Både bokmaål og nynorsk har mange valfrie former. Stilen i ein tekst er i stor grad avhengig av kva former ein vel.

Vi har registrert meir enn 300 kategoriar av valfrie ord- og bøyingsformer for bokmål og over rundt 300 for nynorsk. Med få unntak dekkjer dette alle valfrie former i godkjent rettskriving.

Vi fangar også opp ulovlege former frå gammal rettskriving, som automatisk blir korrigert til lovlege.

I ferdige applikasjonar blir kategoriane klassifiserte i stilmalar og sortert etter stil (konservativ/moderat/radikal) eller etter dialekt.

Systemet opnar opp for at ein brukar eller organisasjon kan lage eigne stilmalar tilpassa bruksområde, dialekt eller oppdragsgivar. Bruk av stilmal i eit verktøy hindrar at ein i same teksten for eksempel skriv skole/skule på nynorsk eller boken/boka på bokmål.

Noko av dette har i over 20 år vore tilgjengeleg gjennom omsettingsprogrammet Nyno®. Det er også inkludert for nynorsk i ordbokspakken Ordrik® og i korrekturprogram. Saksbehandlarar som jobbar med same saka kan korrekturlese tekstane ut frå felles mal og sikre eit konsekvent språk. Forlag kan samordne tekstane frå fleire forfattarar i lærebøkene og velje stil på språket. Kommunar med målbruksplan kan lage sin eigen kommunemal og gjere det enklare for dei tilsette å oppfylle planen.

Presentasjon med eksempel frå nynorsk rettskriving før 2012 (PowerPoint)