Reglar for eksamen


Utdanningsdirektoratet fastset reglar for bruk av hjelpemiddel til eksamen i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Programvare frå Nynodata kjem inn under generelle reglar for omsettingsprogram og ordbøker.


Ordrik høyrer til kategorien ordbøker, som er lov å bruke til eksamen i alle fag.


Nyno og Nynorobot fell inn under kategorien omsettingsprogram. Slike program er ikkje lovlege hjelpemiddel til eksamen i ungdomsskulen og vidaregåande skule. Eit godt alternativ er Ordrik, med stor bokmål til nynorsk ordbok.


Når det gjeld høgskulane og universiteta, kan den enkelte institusjon gi svar på kva som er lovlege hjelpemiddel til eksamen.