Du er her: Heim > Info > Om Nynodata

Om Nynodata

Nynodata AS har meir enn 20 års erfaring med utvikling av ulike produkt for sambruk av bokmål og nynorsk i det norske samfunnet. Våre verktøy gir hjelp til både å publisere meir tekst på nynorsk og å finne relevant informasjon på tvers av språka.

Vårt mål er at nynorsk skal bli eit levande og oppdatert bruksspråk i alle samanhengar. Vi legg derfor vekt på at den enkelte brukar eller organisasjon kan tilpasse språket til føremålet med teksten, anten det gjeld geografiske eller personlege preferansar, eller «husnormer». Eit system for stilkontroll gir høve til slik tilpassing.

Ordtilfanget blir heile tida oppdatert med dei siste rettskrivingsendringane, og basisressursane våre er godkjende av Språkrådet.

I offentleg sektor er produkta våre sentrale i oppfylling av språklova, som tidsinnsparande og kvalitetsbetrande hjelpemiddel i ein travel kvardag.

Klart for levering

  • Nynodatas nynorskrobot
  • Nyno ®,versjon 3.3. Program for omsetting frå bokmål til nynorsk.
  • Ordrik ®, pakke med elektroniske ordbøker for nynorsk, bokmål, bokmål til nynorsk, nynorske synonym.
  • Norsøk Teneste som søker parallelt i bokmål- og nynorsktekstar ut frå felles søkeuttrykk. Særleg aktuelt på heimesider og intranett med einspråkleg versjon av tekstane. Norsøk kan integrerast med ulike søkemotorar

Vidare utvikling

  • Ny og oppdatert versjon av omsettingsprogrammet Nyno, versjon 4.
  • Sjølvstendig produkt for stavekontroll og stilkorrektur kopla opp mot ulike system. Versjon for både bokmål og nynorsk. Korrigerer tekst til felles språkleg stil gjennom bruk av stilmal.