Vanlege spørsmål om  Nyno


Kven kan bruke Nyno?

For å kunne bruke Nyno effektivt, bør du ha nynorskkunnskapar som svarar til nynorskopplæringa i vidaregåande skule. Programmet arbeider setning for setning og gir forslag til nynorsk omsetting som brukaren må vurdere. I tillegg gir programmet alternative nynorskord for mangetydige bokmålsord.


Finst det studentversjon av Nyno?

Omsettingsprogram er ikkje lovleg å bruke til eksamen i vidaregåande skule eller i ungdomsskulen. Derfor er ikkje studentversjonen lenger tilgjengeleg. Alternativet for studentar er Ordrik, med stor bokmål til nynorsk ordbok. Ordbøker er lovleg å bruke til eksamen.


Finst det Mac-versjonar av Nyno?
Nei, Nyno finst ikkje i Mac-versjon. Alternativet for Mac er Ordrik eller Nynorobot.


Kor god nynorsk lagar programmet?
Dette er delvis avhengig av kvaliteten på bokmålsteksten. Er denne god, blir det lite etterarbeid med Nyno. Men ein dårleg bokmålstekst vil gi mange stopp og meldingar om å skrive om teksten. Slik omskriving er avhengig av meininga i setninga, og dette må brukaren gjere manuelt.


Kan ein bruke Nyno på nynorsktekst?
Nei, Nyno er eit omsettingsprogram og ikkje eit korrekturprogram. Derfor bør ein ikkje bruke programmet på nynorsktekst. TIlbakemeldingar frå brukarane seier at ein sparer mykje tid gjennom å bruke Nyno til å lage nynorskversjonar av tekstar.


Kan ein bruke Nyno til å korrekturlese tekst?
Nei, Nyno er eit omsettingsprogram og ikkje eit korrekturprogram. Men dersom ein skal omsette ein tekst frå bokmål, korrigerer Nyno ordformer og bøying i samsvar med språkmalen som er aktiv. Slik får brukaren eit konsekvent språk i teksten.


Kan Nyno brukast på nettverk?
Nyno kan brukast på nettverk. Nettverksinstallasjonen krev ein sentral serverinstallasjon og lokal installasjon av nokre filer på den lokale brukarprofilen. Lokalinstallasjon blir gjennomført første gong ein ny brukar startar programmet.


Merk! På nettverk må du må starte Nyno som sjølvståande program ein gong før du kan starte det frå Word, slik at brukarprofilen blir oppretta.


Kor mange ord ligg i ordlista?
Ordlista i Nyno er bygt opp rundt leksem (oppslagsord), slik ein vanlegvis finn i trykte ordlister. Reglar for bøying av desse orda er lagt inn i programmet. I tillegg er det bygt inn funksjonar for å splitte samansette ord, slik at programmet også kan omsette desse orda. På norsk blir det stadig lagt til nye samansette ord, og mengda av slike moglege ord er mange gonger den mengda som er registrert i ordlistene.


Nyno versjon 3.3 har ca 120 000 oppslagsord. I tillegg kjem altså bøyingsformer og samansette ord. Den totale mengda ordformer som programmet kjenner igjen, er såleis umogleg å talfeste.


Kan Nyno lastast ned over Internett?
Ja, Du kan laste ned Nyno frå nettsida til Nynodata. Men før du har kjøpt gyldig lisens, fungerer programmet berre i demomodus. Som demo kan du sjå korleis programmet arbeider med ein standardtekst, men du kan ikkje bruke demoen på eigne tekstar.