Du er her: Heim > Hjelp > Installasjon > Installasjon Ordrik 2 > Installasjon nettverk

Installasjon nettverk

Her er ei summarisk oversikt over nettverksinstallasjon av Ordrik® 2.x. Meir detaljert informasjon ligg på filer i installasjonspakken. Eventuelle spørsmål om Ordrik kan sendast til support@nynodata.no.

Last ned programpakke for nettverk frå http://dl.nynodata.no/download/ordrik2/network/ordrik2-net.zip

1. Systemkrav

Ordrik® 2.x nettverk krev Windows XP eller seinare versjonar på klientane og Windows 2003 Server eller seinare for server. I tillegg støttar vi Citrix. Kontakt oss for spørsmål om andre operativsystem.

2. Installasjon og konfigurering på server

Nettverksversjonen blir levert som Zip-fil og må pakkast ut og installerast på server. Ved å starte ulike skript blir det oppretta eit sentralt installasjonspunkt for automatisert distribusjon til klientane. Detaljert omtale av prosessen ligg på fila i nettverkspakken, ordrik2_network_install.odt

3. Registrering av lisensinformasjon

Ordrik blir lisensiert og kontrollert for kvar brukar av programmet. Der er to alternative lisensmåtar:

A. Registrering av lisensnamn og lisensnøkkel. Krev aktivering over Internett ved første gongs oppstart på klienten og periodevis tilgang til Internett for reaktivering og lisenskontroll. Programmet kan brukast på den enkelte klient uavhengig av nettverket når det først er installert. Lisensen kan preregistrerast for automatisert distribusjon.

B. Bruk av lisensfil. Lisensen blir knytt til nettverket og programmet kan berre brukast når klienten har kontakt med server. Ingen krav til Internett-tilgang. Dette alternativet kan for eksempel brukast til eksamen der studentane ikkje kan kople seg opp til Internett. Lisensfila blir laga etter kontakt mellom leverandør og kunde.
Detaljert omtale av lisensiering ligg på fila ordrik2_license_installation.odt i nettverkspakken.

C. Innlogging med Feide. Gjeld ved første gongs bruk av programmet på ei maskin (frå 15.08.16).

4. Distribusjon til klientane

For installasjon på klientane kan ein bruke interne rutinar for distribusjon, for eksempel Group Policy.