Du er her: Heim > Info > Skulepakke

Skulepakke

Nynodata har utvikla Ordrik®, elektroniske ordbøker for norsk, med basis i ressursar frå Norsk ordbank ved Universitetet i Oslo og Språkrådet, og eigenutvikla ressursar godkjent av Språkrådet. Vi har spesialisert oss på tilrettelegging for god nynorskbruk og tilgang til store ordmengder.

Grunnskular og vidaregåande skular kan abonnere på skulepakke av Ordrik til ein svært låg pris.

Ordrik kan brukast både på Windows, Mac og Linux. Programmet blir installert på den enkelte PC eller sentralt på nettverket, og kan brukast når Internett er fråkopla.

Ordrik gir mykje meir informasjon enn tradisjonelle ordbøker. Det er lett å finne fram i, er godt pedagogisk tilrettelagt og gir ekstra hjelp gjennom informative hjelpetekstar. Fungerer også godt som tillegg til enklare ordbøker.

Dette gjer Ordrik mellom anna:
- slår opp både bøygde og ubøygde former.
- viser alle bøyingsformer for ordet som fulle former, ikkje berre endingar.
- viser ordforklaringar (Kjelde: Nynorskordboka og Bokmålsordboka).
- viser nære synonym som skole/skule.
- har stavekontroll med forslag til korrekte søkeord.

Utfyllande informasjonwww.nynodata.no/ordrik og demo http://dl.nynodata.no/download/ordrik2/eval/

Du kan velje mellom Ordrik skulepakke for grunnskule, ungdomsskule og vidaregåande skule. Har skulen din avtale med BS Undervisning, kan du bestille Ordrik der. Har du ikkje slik avtale, kan du kontakte Nynodata direkte.

Minste lisenstal er 50.